Ord

Tre mikronoveller

Sat der åleine. Maula vind. Saman. Dei drakk te av koppar. Knuste. Alle såg. Alle tenkte. Ingen handla.

Stjernedropar som fall i går

Det regnar, men det gjer ikkje noko, for eg går under paraply når eg er ute, og har alle slag stearinlys, samt alle slag varme drikkar å varme meg på når eg sit inne. Dessutan er det så fint når de...

Ord

Det fins so mange ord. Korleis kan det då ha seg at det somme tider ikkje fins nokonsom strekk til?

Songfuglar

Eksamenslesing, samt alt anna, som får ein til å ynskje seg langt langt vekk,kjem seg betrakteleg med den rette musikken.Akkurat no høyrer eg på nokre av favorittsongfuglane mine.Kven er dine favor...

Metafysikk

Om ein faktisk trur at der ernoko meir,er ikkje det då einskapingsprosess?

Å flytte

Å flytte betyr so mangt. Akkurat no betyr det ein ny hybel, ei ny verkelegheit. Ein ny start.Men det betyr også rydding, pakking, og vasking! Ein ryddar slik at ein kan sjå kva ein eig. Ein pakkar ...

Bruspulveret

Bruspulveret som fekk det til å boble, som eg skreiv i førre innlegg, var ein e-post med ei gladmelding.På fredag fekk eg vite at eg er månadens poet på db.no!Diktet eg vann med er Regnbogegarn, so...

Champagneflaske

Eg kjende meg litt som ei sånn ei på fredag. Då hadde eg bobler i blodet. Bobler av glede.

Bordtennis

Tankane er som bordtennisballar. Dei sprett fram og tilbake. Og dei er so mange, som om hovudet er eit bordtennisballager. Og det er overfylt. Like før, eller etter det renn over. Dei kan ikkje spr...

Rollertoaster

0 false 21 18 pkt 18 pkt 0 0 false false false /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:"Vanlig tabell"; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; m...

Gud

Tru om Gud er ei kvinne som strikkar relasjonarretta og vrangamaske for maskeav regnbogegarn

Om eg berre kunne

teikne eit måleri,male ein song,synge ein blome,plukke ei sky,sveve utan vinger,og flakse utan å bli sliten.

Spørsmålet

han stilte ho laud:- Kvar vil du helst bu? I hovudet, eller i hjartet mitt?
Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

tanketom men full av undring. trur på noko, men veit ikkje heilt kva. vassmann og fisk på same tid. elskar å fotografere, men har absolutt ikkje fotografisk hukommelse. vil ikkje ha godt gehør, og vert overlukkeleg over alle tonar som høyres feil ut. føretrekker poesi framfor prosa. syns det er litt pinleg å seie det, men blir glad for kommentarar. smiler ofte, men brukar sjeldan smilefjes, sånn som no.

Kategoriar

Arkiv

hits