oktober 2010

Tre mikronoveller

Sat der åleine. Maula vind. Saman. Dei drakk te av koppar. Knuste. Alle såg. Alle tenkte. Ingen handla.

Eg vil ha noko å gå meg vill i!

Eit fotografi, ei teikning, eit måleri, eit tre, ein skog, eit alveland, eit dikt, ei novelle, ei bok, ein idé, ei historie, ein person, i eit eventyrhus i eit eventyrland.

Maislykta mi!

Eg lurte deg litt, for lykta mi er ikkje laga av mais, men av noko som før var mais oppi. Mykje kan gjerast med ein metallboks dersom ein har hammar og spikar, litt svart stoff, pluss ei gitarstren...

Lyngen

Han strekkjer kvar ei grein, kvar ein kvist, kvar ein finger opp frå rota, opp i det blå, ut i det blå.

Kjærleik

Når du er her, held eg augo opne. Blunkar sjeldan, så sjeldan som råd, for å sjå deg , mi notid, så ofte som råd. Når du ikkje er her, let eg augo att. Opnar dei sjeldan, så sjeldan s...

Passe inn

Me prøver berre å passe inn, men verda er for stor, og kroppane våre for små.

Solnedgong

Alt og

Kva er summen av alt og ingenting? For alt er jo evig mykje, og ingenting er evig lite, og kanskje endå mindre. Likevel høyres det ut som mykje meir, om ein leggingenting til alt, for det tek jo op...

Stjernedropar som fall i går

Det regnar, men det gjer ikkje noko, for eg går under paraply når eg er ute, og har alle slag stearinlys, samt alle slag varme drikkar å varme meg på når eg sit inne. Dessutan er det så fint når de...
Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

tanketom men full av undring. trur på noko, men veit ikkje heilt kva. vassmann og fisk på same tid. elskar å fotografere, men har absolutt ikkje fotografisk hukommelse. vil ikkje ha godt gehør, og vert overlukkeleg over alle tonar som høyres feil ut. føretrekker poesi framfor prosa. syns det er litt pinleg å seie det, men blir glad for kommentarar. smiler ofte, men brukar sjeldan smilefjes, sånn som no.

Kategoriar

Arkiv

hits