Kjærleik

Når du er her,

held eg augo opne.

Blunkar sjeldan,

så sjeldan som råd,

 

for å sjå deg ,

mi notid,

så ofte som råd.

 

Når du ikkje er her,

let eg augo att.

Opnar dei sjeldan,

så sjeldan som råd.

 

Manar deg fram,

mi fortid, mi framtid,

mi æve.

 

Antony & The Johnsons - You Are The Treasure



(trykk på biletet for å kome til kjelda, og trykk på linja over for å høyre ein nydeleg song)

Én kommentar

Cassiopeia

15.okt.2010 kl.13:10

SV: ja virkelig altså! strømpebuker in my <3 lissom ;)

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

tanketom men full av undring. trur på noko, men veit ikkje heilt kva. vassmann og fisk på same tid. elskar å fotografere, men har absolutt ikkje fotografisk hukommelse. vil ikkje ha godt gehør, og vert overlukkeleg over alle tonar som høyres feil ut. foretrekk poesi framfor prosa. syns det er flaut å skrive det, men blir glad for kommentarar. smiler ofte, men brukar sjeldan smilefjes. sånn som no.

Kategoriar

Arkiv

hits