Stjernedropar som fall i går

Det regnar, men det gjer ikkje noko, for eg går under paraply når eg er ute, og har alle slag stearinlys, samt alle slag varme drikkar å varme meg på når eg sit inne. Dessutan er det så fint når det regnar, både inne og ute. Himmelen er så vakker når det regnar over byen, og lyden av regnet skaper ei så lun og god stemning. Ei sånn stemning som får ein til å ville snakke om alt og ingenting, og berre lytte, anten til kvarandre, eller til regnet utanfor. Og utanfor vert himmelen både gul, blå, og ikkje minst lilla, på same tid som han glitrar som eit stjerneteppe. Berre at stjernene er vassdropar, og teppet er av skyer. Og eg sit inne og er litt lei meg for at ein ikkje kan ta bilete av slikt - utan å øydelegge kameraet. Det hadde kanskje vore betre å kjøpe anten ein gjennomsiktig paraply, eller eit vasstett kamera. Så eg skriv det opp på lista over ting eg ikkje har råd til, og rullar ut den blomstrete voksduken min, som er full av målingsflekker av alle slag. Frå treskoen som heng på veggen hentar eg fram målepenslar, måling, og lerret. Før eg lyftar penselen min, og plukkar den regnvakre himmelen ned og inn i stova, strøk for strøk, tek eg ein slurk stjernete, og tenkjer at jammen er eg heldig, som ikkje har noko betre å ta meg til.

Ingen luringar

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

tanketom men full av undring. trur på noko, men veit ikkje heilt kva. vassmann og fisk på same tid. elskar å fotografere, men har absolutt ikkje fotografisk hukommelse. vil ikkje ha godt gehør, og vert overlukkeleg over alle tonar som høyres feil ut. foretrekk poesi framfor prosa. syns det er flaut å skrive det, men blir glad for kommentarar. smiler ofte, men brukar sjeldan smilefjes. sånn som no.

Kategoriar

Arkiv

hits