Å flytte

Å flytte betyr so mangt. Akkurat no betyr det ein ny
hybel, ei ny verkelegheit.
Ein ny start.

Men det betyr også rydding, pakking, og vasking! Ein ryddar slik at ein kan sjå kva ein eig. Ein pakkar ned det ein eig. Kanskje pakkar ein litt meir, dersom ein har lyst å eige noko andre har lagt att på hybelen før. Kanskje pakkar ein litt mindre, dersom ein ikkje vil eige alt ein sjølv har eigd før. Men
det tek ofte lang tid å tenkje over kva ein vil ha
og kva ein vil la
ligge.
So eg er glad eg har helga. Glad eg slepp å stresse
endå..

Det er heilt absurd at elevar skal opp i eksamen etter at dei mentalt har teke ferie, slik eg har gjort. Eg har reist langt vekk allereie. Berre tankane tok eg med meg.
Men so var det óg berre tankane som for.
endå..


Ingen luringar

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

tanketom men full av undring. trur på noko, men veit ikkje heilt kva. vassmann og fisk på same tid. elskar å fotografere, men har absolutt ikkje fotografisk hukommelse. vil ikkje ha godt gehør, og vert overlukkeleg over alle tonar som høyres feil ut. foretrekk poesi framfor prosa. syns det er flaut å skrive det, men blir glad for kommentarar. smiler ofte, men brukar sjeldan smilefjes. sånn som no.

Kategoriar

Arkiv

hits