Berre for å sjå det positive i det.

Me har jobba sidan første skuleveka. Men det var ikkje før på måndag me jobba skikkeleg. Endeleg kom me i gong. 13++ minutters konsert blei laga på i-siste-liten-idear og naudløysingsprinsippet. Kulissane blei enkle, kostyma blei enkle, og eg skulle berre ynskje at sjølve konserten, heile framsyninga blei enkel også. Men det negative veit eg ingenting om, ikkje no. Akkurat no vil eg berre sjå på det positive i det heile.


Tonane som laud frå gitaren til Jørn-Ståle.

Sola som skein på meg, tyttebæret.

Regnet som fall på blada mine.

Snøen som tulla meg i søvn.

Kjetil sine fingrar som dansa over tangentane.

Tyttebæret som symboliserar so mykje.

Dersom ein berre ynskjer det

sterkt nok.




Minst av alt vil eg tenkje på korleis læraren vil vurdere arbeidet vårt, og loggen, som ikkje endå er skriven. Og ikkje minst vil eg koste det at me skal ha framsyning i morgon under eit tjukt teppe. Men alt til si tid.

Kanskje kjem det bilete til diktet, dersom me får tid til det. Desverre tvilar eg på det, for tida vil berre leike tikken.

3 luringar

Andrine

24.sep.2009 kl.14:13

Hehe, sånn var det med meg óg ;)

men berre å hoppe i det. Nei va ikkje så verst med 1000 kr rabatt, eigentleg

skulle eg betalt 1300 for det eg har bestilt ;-) Gledar meg til pakken kjem altså! Det blir stas!

Me må ha ei ordentleg russefeiring saman! Firdarussen og Sogndalsrussen!

Skal de på russetur eller? :)

Amalie!

24.sep.2009 kl.17:44

fint dikt !

Bileta er diverre ikkje ekte, berre redigering!(:

i eit sånt lite fancy polarkameraprogramm som eirin viste meg:D

Amalie!

26.sep.2009 kl.12:12

fordi terningen enno er i lufta !:D

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits