Slit du med HTML?

denne sida finn du ei enkel, men grov oversikt over HTML-språket. Eg blei i alle fall ein del klokare av denne oversikta. I tillegg har eg funne ut ein annan lur metode for å finne kodar som eg vil bruke. Det er jo ikkje berre bokstavar som skal skrivast inn, so å ta det på språkøyret er jo heilt håplaust!

Triks:
  • gå inn på denne sida
  • googl HTML og CSS
  • dersom du har funne ein blogg som har fått til noko som du også vil gjere med ditt design, kan du berre skrive inn "/style.css"  etter bloggadressa. Då kjem det opp ei side der du har oversikt over stilsettet på sida. Då er det lurt å ha sett seg litt inn i artikkelen i punkt ein først, slik at du kan forstå kva for ei kode det er du har bruk for. Eg håpar dette ikkje er imot lover om opphavsrett eller noko slikt. Men hadde det vore det, ville det vel ikkje ha vore so enkelt å finne kodane?
  • Ein annan måte å låne kodeidèar på, er å høgreklikke på bakgrunnen, og velgje "vis kjeldekode for sida" (i alle fall i firefox). Eller du kan berre bruke snarvegen: Ctrl +  U. Då kjem det opp ei liste med kodar som er brukte på sida i eit nytt vindauge. Også her trengst det konsentrasjon når det kjem til tolkinga.
Men hugs: det handlar om å låne kodar, ikkje om å stjele design. Har du nokre lure triks på lur?

Då burde i alle fall ikkje eg gløyme korleis eg kan meistre beistet, eller i alle fall temme det litt. Håpar de blei litt klokare de også. No skal eg lage meg ostesmørbrød i toastjernet, og drikk iskald H-mjølk. All anna kjøpemjølk er for dei som ikkje veit betre. No skulle eg hatt eit bilete av beibi-meg med mjølkebart, men det får vente til neste gong eg er heime.

4 luringar

Ida

24.mai.2009 kl.22:25

Takk for tips:)

.. Mari. ♥

24.mai.2009 kl.22:55

Takk for tips! :)

Teresa O. L

25.mai.2009 kl.10:10

ny fotokonkurranse lagt ut, kom med bidrag ;)http://teresal.blogg.no/1243197131_fotokonkurranse_nr_2.html#comment

agnete solheim

30.jun.2009 kl.17:09

iskald H-mjelk e da beste som e :)

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits