Energi!

Nei, dette er ikkje eit miljøpolitisk innlegg. Kan hende det kjem eitt i framtida, men no har eg ikkje energi til slikt. No skal eg gje jernet og meir til før skulen sluttar. Kan ikkje få sagt kor mykje eg gler meg til sommar og sol no! Eg skal arbeide, men håpar på at eg får litt skikkeleg fri og. Men før den tid, må eg arbeide hardt med det resterande evalueringsmaterialet i dei ufatteleg mange avgongsfaga. Hjelp! Til fredag må eg ha skrive ei tolking/analyse, og redigert eit av mine tidlegare essay. Då skal nemleg norskmappa inn. Eg tykkjer det er fint med ei slik mappe, men i år blei det berre stress! So kjem eksamen i tysk på tysdag. So kjem dei resterande prøvar og innleveringar i dei fleste fag, som er so mykje at eg ikkje gidd ramse opp. Folk må jo bli heilt hovegalne berre av å lese om dette, for eg minner sikkert mange på alt dei også har å gjere i innspurten.. Sorry!

Gjer som meg, og få energi av litt snadder. Anbefalar deg å hamstre sunt snadder. Eller ta deg nokre rundar rundt huset etter inntak. Det plar i alle fall bror min, eller begge brørne mine å føreslå etter måltida heime. Uansett, so gjekk i alle fall Blogginga supert etter eit massivt chipsinntak. So no er det berre resten att. Heldigvis kan eg sove lenge frå torsdag til sundag (kanskje måndag..?). Det hjelper i alle fall mykje på humøret og godviljen. Dette skal gå bra. gå bra! Eller..?

mat 007mat 002


Kjeks frå Café bakeriet (orddel ingsfeil er denmest irri terande skrive feilen av dei alle, og trur du ik kje denfinst o ver alt?) Fridas Havre & masse godt smakte (heldigvis ikkje orddelingsfeil, men) godt. Og berre for å få sagt det: Einaste gyldige grunnen til å ikkje drikkje mjølk, må vere allergi!


Forresten so har eg lasta opp dei geniale oppfinningane i innlegget som var masse kvit bakgrunn og litt tekst.
- Akkurat då du trudde det var slutt på gode idèar  -

7 luringar

Kamilla

19.mai.2009 kl.19:04

E da mexican eller sourcream and onion? I know my chips. kor du ska jobbe i sommar?

Mariell

19.mai.2009 kl.19:20

Hadde ein great 17. mai eg! Heilt einig med grunnen til å ikkje drikke mjelk. Du finn jo faktisk ikkje ein betre drikK!

Emma Lovise

19.mai.2009 kl.20:19

Oi, eg likte headeren din :)

Andrine

19.mai.2009 kl.20:42

Dei bildene var fristane! :)Sognebunad for alltid ;D

Emma Lovise

19.mai.2009 kl.21:19

Svar: Haha, nei grunnen til at eg skreiv at folk har fått det inntrykket var fordi eg er så ofte vekke frå skulen :p Har prøve i geografi

Amalie!

19.mai.2009 kl.23:41

Takk! Energi er ein fin ting!

Kamilla

20.mai.2009 kl.10:16

So bra kommentar =) Gleda meg til innlegget ditt. Syns da va mange gode triks som eg ikkje nemde, men faktisk gjer ganske mange ganga. I stad gjekk eg faktisk ned att i kjellaren berre for å slå av lyset på vaskerommet. Eg har mine gode periodar :p Jau, da e skummelt uansett. Hjelp :s

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits