blablabla..

001

Halsen min har prøvd å fortelje meg noko i heile dag. Akkurat kva, veit eg ikkje, men det er i alle fall ikkje at eg held på å bli sjuk. Eg blir aldri sjuk. Aldri.. i alle fall ikkje sidan sist gong. Uansett har eg i dag (no!) prøvd eit triks: nemleg heit mjølk med honning i. Og so sprita eg det heile opp litt, med sjokolade, vel å merkje. Å sprite ting opp litt er eit uttrykk ein (ikkje) må ta bokstaveleg. Eg drikk i alle fall sjokoladehonningmjølka mi, bloggar, og skal lese MIP so snart eg er ferdig med dette mikroskopiske innlegget. (Nesten) alt med eit stort smil om kjæften.. til eg går tom for drikke, og blogginnlegget er ferdig... Då må eg lære meg alt om Wienerklassisismen, pluss litt til. Jaja, det var den femmaren i faget, for i morgon tvilar eg på at eg klarar å forsvare stort meir enn ein 4-. Men det er jo over gjennomsnittet, eg bør jo ikkje klage, blablabla. Eg er lei av slike kommentarar. Å gå ned ein karakter er akkurat det same om ein går frå ein femmar eller ein trear! At det er noko anna å gå ned frå ein toar kan eg heller gå med på, for det er stor skilnad på å stå og å stryke i eit fag. Eller kva seier du?


14602b
snarveifred

Her har du meg, positiv og (små)smilande.. Teke for to dagar sidan, for å seie det slik!

4 luringar

maja

11.mai.2009 kl.17:28

samme her, enig. det er jo like kjedelig uansett hvor man ligger fra før, nivået ditt har allikevel gått ned.haha, melk med sjokolade og honning :)

Kamilla

11.mai.2009 kl.17:31

NYDELE BILDE :) Da e da finaste eg har sitt av deg trur eg. Ja, da e forskjell. Hata når folk seie eg ikkje ska klage når eg veit eg kan beire =)

Katarina

11.mai.2009 kl.23:50

Heilt enig med deg ;) Og dei som stort sett trur at dei kjem til å gå ned ein karakter (som AMALIE SOM ALLTID KLAGA PÅ AT DET GJEKK SÅ DÅRLIG, OGSÅ FÅR HO FEM. MENS EG SOM SYNST DET GJEKK DRITBRA FÅR FIRE. sjukefaen) gjer som oftast ikkje det ;) Du greie deg nok bra!

Eldrid

13.mai.2009 kl.01:06

You make me smile! hehe, funka det da?..bedre i halsen?Det e sannt vi fra Sognnes bli aldri sjuk..det e nok den friske lufta. Så det e best du kjem deg heim der snart, så du får litt freshiness...hehe. vi kjem jo heim om ikkje så lenge. Glede meg så!!!Fint bilde av deg. du e så søt YngvildGlad i deg

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits