Distraksjonar

Musikk. I utgongspunktet ikkje distraherande for lesinga mi. Når ein attpåtil syng med, som eg oftast gjer, gøymer derimot konsentrasjonen seg. Denne songen, og artisten er å anbefale, berre so det er sagt!

Om du kan tipse meg om ein artist eller song som eg aldri før har høyrt skal eg belønne deg med ei overrasking!


010
Sjokolade. Den distraherar ikkje direkte, men eg får lyst til alt anna enn å sitje i ro etter å ha gæfla innpå alt dette. Det er eg overbevist om, so flaks eg berre likar, og ikkje elskar alle desse bitane.

016
Ligretto. Men det var i går. Etter ei lang konsentrasjonsøkt unna eg meg å ete god taco og å spele med Thomas og Magnus etterpå. Det må då vere lov?

018
Mat. Ein må jo ete, men det er jo litt lurt å ete noko som ikkje tek lang tid å lage dersom ein bør lese lekser. Tja, me får sjå kva det vert til middag. Ikkje tre-rettars i alle fall..

bloggverden
Bloggverda. Treng eg sei meir?

024
Sminke. Heldigvis har eg ikkje latt meg distrahere. Endå. Eg skal jo ikkje noko anna enn å gjere lekser i dag, (og ikkje blogge), so eg treng ikkje sminke meg vel?


Heldigvis er er ikkje sola her i dag, so det er meir freistande å sitje med skulearbeid enn å sole seg, bade og alt det der andre som sola får meg til å ville gjere.

For å vere heilt ærleg so er vel strengt tatt dette innlegget den mest omfattande distraksjonen til no. Eg lovar at eg skal kompensere med å ofre alle distraksjonane eg har skrive om, og vere supereffektiv når det kjem til lesing og læring. Hallo, eg skal jo berre lese til heildags i musikkhistorie, om hekseforfylgjing til foredrag, skrive norskstil, rette litt på ein tysk tekst, og helst på ein blues...
Dette kjem til å gå strålandes!


Let du deg lett distrahere?

14 luringar

Katarina

10.mai.2009 kl.18:49

Ja, alt for lett. Som no når eg burde finne kilder til politikk tentamen, men i staden lese eg bloggar..

Katarina

10.mai.2009 kl.19:11

Haha, sant! Skjønna at vi må ha den stygge sluttkompetansen dei prata om, men dei kan no søren fordele det litt utover året, og ikkje gje alt i løpet av tre veker! Dommedag på torsdag, kva du trur/håpar du kjem opp i?

Katarina

10.mai.2009 kl.19:16

Haha, med meg er det omvendt! Hakkje kontroll på noko som heite setningsoppbygging, bøying av verb eller glosar i det heile tatt. Jatakk til potensreglar, ligningar og sannsyn! Men med min flaks kjem eg opp i spansk, stryke og må ta to eksamenar til hausten. Ellers funkar det fint med engelsk også! Så lenge eg ikkje kjem opp i muntlig og miste ei veke ferie, er eg fornøgd :)

Katarina

10.mai.2009 kl.19:23

Hehe, kunne ikkje du velge det då, framfor MIP? Ja, vi burde egentlig ikkje byrje å klage før torsdag, men eg er så sjukt redd at det går feil veg - at eg begyndte for mange veker sidan!

Katarina

10.mai.2009 kl.19:29

Vanligvis er eg den positive i gjengen, men ikkje i dag (eller når det gjeld eksamen generelt) Det er betre å vere nervøs og urolig og få eit bra resultat, enn å vere glad og få eit dårlig resultat! Konklusjon: eg er nervøs og urolig, og derfor går det bra :)

Katarina

10.mai.2009 kl.19:37

Hehe, ja - det blir godt med sommarferie no! Og viss vi er heldige, er det berre FEM skuleveker igjen! Også.. plutselig er vi eldst på skulen. Så er vi russ, og så er vi ferdig med vgs for ALLTID.

Mariell

10.mai.2009 kl.19:38

good luck med da du ska:)

Kamilla

10.mai.2009 kl.19:56

Bra! :) Eg veit.. Argh

SOFSEN

11.mai.2009 kl.00:49

Tusen takk for forståelsen :D Jeg trenger bare litt motivasjon - that's all. Jeg prøver å overse idiotene. Det finnes jo alltid idioter der ute, dessverre. Da gjelder det bare å heve seg over dem. Problemet er bare at de tappet meg gradvis for lyst til å blogge, ikke sant, og derfor tenkte jeg som så, at nei da tar jeg heller en pause og kommer sterkere tilbake. Jeg gjør aldri ting halvhjertet :)Du må hilse typen din. Haha!

Vero

11.mai.2009 kl.13:00

Det skal ingenting til før jeg blir sistrahert. Spesielt når man MÅ være konsentrert, sånn som når man skal lese til eksamen :S

Camilla - gå inn og stemm!

11.mai.2009 kl.16:36

Sjokoladen så god ut!Vil du forresten gå inn på min blogg å stemme? :-)

Amalie!

11.mai.2009 kl.16:47

takk!gjekk bra i dag trur eg!fekk veldig lyst på sjokoladen nuu..

Amalie!

11.mai.2009 kl.16:53

lukke til i mårå!

HJ

18.mai.2009 kl.09:26

Ha du høyrt Cinderella?? Mykje god musikk fra dei:D.Coming homeThe More Things ChangeNobody's FoolDont Know What You GotOsv...:Dkosa deg viss du kje ha hørt dei fra før...hehe

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits