Alle gode ting er tre


Tre

haime 025
kopi1


Rebella tok meg i å tolke ting bokstaveleg, men eg har lært. Tre er vakre, kjekke å klatre i, og strengt tatt ein viktig ressurs. Altso finst det tre gode ting ved tre, , men eit tre kan vel ikkje ein gong kallast ein ting? Altso skal det vere godt gjort å tolke at alle gode ting er tre, som i eg klatrar i _ _ _. Forhåpentlegvis.


Mamma, pappa og syskjena

(bilete kjem seinare)

Den næraste familien min består av desse tre gode tinga. Vel, det vert jo litt feil å kalle folk for ting, men dei er i alle fall tre, og dei er gode! For andre er det kanskje mamma og mamma, eller pappa og pappa, men eg trur at dei uansett kan vere like gode foreldre. Syskjena er jo ikkje alltid tilfelle, men då får ein heller ta med seg sjølv i rekninga. Familien min er i alle fall veldig viktig for meg, og eg er so glad for at eg har ein so trygg og god stad å kome heim til. Då meinar eg ikkje berre fysisk, men også psykisk. Det skal seiast at ingen familiar er perfekte, men finst det eigentleg noko eller nokon i heile verda som er heilt plettfrie? Det trudde ikkje eg, men etter at farmor døydde har eg berre blitt meir og meir overbevist om at dersom ein skal bruke ordet perfekt om nokon, so må det vere henne. Men noko eller nokon må strengt tatt ikkje vere perfekt for å vere bra.


Jentevener, gutevener og kjærasten
 dundra og flodhestenguttaboyz       
laiza og kammi












Her er berre eit lite knippe av mine kopisar og kompissinner. Dei er gode alle i hop, og dei er eit unntak frå regelen: dei kan vere gode sjølv om dei er fleire enn tre. For meg er desse altso av stor verdi. Det å ha nokon å snakke med, og nokon å lytte til betyr mykje. Og so klart, nokon å vere seg sjølv med, samstundes som dei er det også! Men hallo, kven har ikkje behov for eit sosialt nettverk? (Sa ho, og heldt fram med å sitje åleine på dataen på hybelen.. og blogge)
Eg er i alle fall ikkje av den typen som berre har gutar, eller berre plaprehøner rundt meg. Men eg er av den typen som berre har gutekjærast. I alle fall til no. Ingen veit kva framtida bringer, men eg spår at eg ikkje vil bli den andre-typen-jenta. Eg er også av dei som likar å ha få gode vener, og helst berre ein kjærast. Betre å ha tre gode i sofaen, enn 10 på takjet når det bles opp til storm!


Sjokoladekake, appelsinbåtar, og Café au Chocolat

004red2

"Nam!" skreik lesaren, og det med god grunn. Denne trioen gjer små og store til småstore godtemomsar. I alle fall meg. So genial har eg vore, at eg har baka posesjokoladekake frå toro, delt og frose ho, slik at eg kva tid som helst kan nyte heit sjokoladekake. Imponert? Neivel, so får eg imponere deg på anna vis. Ein annan dag, for i dag skal eg ikkje gjere mykje imponerande.


Alle gode ting er tre. Dei som fleire er dreg alt det gode ned!
(so mykje at dei ikkje fortenar bilete eingong..)

Avgangsfaga som eg skal slite meg FERDIG med, for godt, er nemleg mange fleire enn tre. Dei er slett ikkje gode å ha, i alle fall ikkje når dei er so phsaikohmange! Eg trur dei har formeira seg sidan me byrja på skulen hausten 08. Eg kan alvorleg tala ikkje kome i hug at det var so mange då. Men so veit eg jo ikkje det eksakte talet no heller, eg berre veit at det i alt er so mange som to fag som ikkje skal på vitnemålet. Jei, tjohei og duddelidei, eg e lei! Eg trøystar meg med at det snart er over, og at sommaren nærmar seg. Sol, bading, inntekter, ferie, pinneis, og idyll - vent på meg!

Konklusjonen min får vel logisk nok bli at eg har tru på at den kjende setninga at alle gode ting er tre, stemmer. I alle fall til ei viss grad. Har du tre gode ting du vil dele? Eg har ialle fall fått delt dei tre tinga eg i all hovudsak ville dele med dykk. Dei første og siste linjene var jo strengt tatt berre tilfeldige utspring, som to rammer, i nesten same fasong og farge.. Altso fekk eg med dei tre gode tre, når me ser vekk ifrå ramma. Då må eg vel kunne satse på at det blei eit godt innleg? Jeudåh..

2 luringar

Kamilla

04.mai.2009 kl.22:42

EG TRUDDE DET STOD PENIS, IKKJE PINNEIS. Høhøhøhøhø. Du er pen, fint innlegg, likte dårleg at eg ikkje blei utheva, du hadde bileta av kjærasten osb (høhøø) i feil rekkefølgje, men gjer ikkje meg noko å sjå ut som kjærasten din. Kven veit kva framtida bringe? ;););) ^^

Kamilla

04.mai.2009 kl.22:59

Eg skjønte faktisk da med den lesbiske kommentaren du kom med først. Eg kjenne meg eigentleg ganske sikker på min eigen seksualitet, og med ein gong eg skreiv det, poppa det opp bilete av fjortisfest og Elisabeth sin sugekoppmunn. Løye med da. Hahah, æsj. Firefox er for loosers, heia internet explorer, og ja, eg skjønnar godt at du vil bruke høhø'en min. Eg elskar den litt på ein venneleg måte.

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits