Hei, eg heiter Yngvild, og eg er eit vanemenneskje..

Før såg eg alltid på vanemennsekje som irriterande perfeksjonistar. Ved litt nærare ettertanke har eg funne ut at eg faktisk er eit slit vesen sjølv. Eg trøystar meg med at eg ikkje er ein stereotyp! Men det er der problemet mitt ligg. Du forstår, det har seg slik, at blant mine skal du leite lenge etter dei gode vanene. Det er som å finne eit palmetre i hagen. For ærleg talt, nokon må ha planta dei der.. Dei momenta som oftast går att er fylgjande:

  • Kvar morgon står eg opp for seint, men akkurat tidsnok..
  • Frukost er eitt overvurdert måltid. Men et det kvar dag.. berre ikkje rett etter eg har stått opp. Me har 10 minutt fri kl 10, og då er det kantinemat for alle (dei ikkje-eksisterande) penga!
  • Det førekjem sjeldan at den vetle klompen baki (læraren sitt) venstre hjørne fylgjer med i timane.
  • Endå sjeldnare førekjem det at eg seier noko i timane som eg ikkje har kome på der og då. Eg er ekspert på å tolke tekstar ut ifrå kva andre svarar på: "Kva handla teksten om?"
  • Mitt motto er som fylgjer(i skulesamanheng, samt alt anna som har med tidsfristar å gjere) Betre seint enn aldri! Dette resulterar ofte i eit resultat som kunne ha vore betre, og meir gjennomtenkt.
  • Nedprioritering av lekser er min yndlingshobby!
  • Diagnose eg har gitt meg sjøl er treningtourettes, men i ei lett utgåve. Altso vert det få og korte spontane treningsøkter.
  • Hald deg fast, for denne jenta har fleire former for tourettes - nemleg ryddetourettes, men når eg først byrjar er eg jammen effektiv! So det kan vel kanskje vere schizofreni. Trur ikkje du også at eg hadde gjort meg som psykolog? (Etter eit langt studie, vel å merkje..)

  • Kvar kveld legger meg for seint, men akkurat i tide..

                           ...og so klart:
  • Å prioritere blogging framfor andre fornuftige ting. For blogging er jo fornuftig det og, eller?

Eg trur at alle menneskje i røynda er vanemenneskje. Spørsmålet er berre om ein har vaner ein kan vere stolt over. Er det fleire vanemenneskje der ute? Følg denne linken (virus) for å kome til A(nonyme)V(anemenneskje) NO(rge) si heimeside. Eg føler med deg. Kva føler du no?

Ingen luringar

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits