Trådramme

         ting 001red ting 004red

Får beklage ledninga som sneik seg med på biletet, den skal med tida festast til veggen. Den høyrer til det fine stereoannlegget mitt, og står liksom ikkje heilt i stil til noko som helst på rommet mitt.. menmen, eg klarar meg fint!

Du treng ikkje ramme for å henge opp bilete. I alle fall ikkje om du bur på hybel. Pengar kan du spare på dei fleste område, og dette er eitt av dei. Eg har so klart innramma bilete også, men dette funkar då bra det og. I mine auge, om ikkje anna. Alt du treng for å henge opp bileta er ein litt tjukk tråd og noko spisst til å stikke hol til tråden med.

Eg stakk eitt hol i kvart av dei øvste hjørna, og to like langt ifrå midten nederst på biletet. Eg kjøpte forresten korta på IKEA, hvem gjetta det`a? For kvart ledd festa eg tråden med å knyte på baksida øvst på kortet. Det finst jo ingen fasit, so om du syns det var ein god idè kan du jo alltids utarbeide han til å gje eit endå finare resultat. For min del var poenget berre å få hengt opp dei fine blomane på ein lur og kjapp måte. Og so blei det litt fint og, finare enn teip i alle fall, eller kva?

6 luringar

maja

02.mai.2009 kl.13:58

så stilig :D

Katarina

03.mai.2009 kl.01:08

Det verste er forhåpentligvis over for i år ;) Og viss det blir skriftlig eksamen på oss kan vi gleda oss med at det berre er tjuefem skuledagar igjen av vg2!

Eldrid

03.mai.2009 kl.01:11

I love it!!! Så god ide! Kjempe fint Yngvild!Eg har ikkje fått vert innpå her på ei stund, har vert så mykje. Men no er eg her og eg digge å lese og sjå på bilder. Stor goklem!

Katarina

03.mai.2009 kl.01:19

Ja, det blir sjukt godt med sommarferie no! Som alltid kjem dei neste tre månadane til å gå superfort, også er vi tilbake på Firda igjen. Men det er godt å tenke på at det berre er eit år igjen!

SOFSEN

03.mai.2009 kl.03:32

Smart! Smooth! Supert! De tre S'er fra Sofsen :D

.. Mari. ♥

03.mai.2009 kl.13:16

sv: Tusen takk! :)Håper du får en flott uke!

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits