Ynskjeliste

Ikkje at eg hadde teke imot med kvitt samvit om du faktisk hadde kjøpt noko slikt til meg..

Dersom eg sjølv vert rik, eller får litt ekstra peng, eventuelt finn ut at eg vil belaste sparekontoen litt, so har eg lyst å kjøpe meg:

  • Macbook (må nok vente til dataen kræsjar, eller nokon har lyst til å kjøpe den)
  • Nytt digitalkamera med speglrefleks og andre frynsegoder
  • Ligretto ( ha det!)
  • Mikrofon
  • El-piano
  • Platespelar og LP-ar
  • Playstationet til vetlebror, dersom han skal kjøpe nytt
  • Ekstra gitar til guitar hero 2 (som eg allereie har)
  • Singstar (til mitt eventuelle PS2)
  • Kle (so klart, men må nok nedprioriterast..sterkt!)

Heldigvis treng eg ikkje peng for å kjøpe alle dei viktigaste tinga i livet mitt. Mat er jo so klart eit av unntaka.. men eg kan jo alltids dyrke den sjølv. Liksom. Men har heldigvis ikkje tid! Eg er i alle fall glad at det fortsatt finst ting i livet, som ein faktisk må jobbe seg til. Kunnskap, kjærleik, og respekt, berre for å nemne nokre døme. Ein set og so mykje meir pris på dei viktige tinga i livet, når ein faktisk har gjort ein innsats for å få, eller oppleve dei. Og det er vel berre bra?

Kva kunne du tenkje å kjøpe deg? Eg kunne ha skrive ei mykje lenger liste, men lat meg vere realistisk her, og ta det litt med ro i dei svingane. Det er tross alt ikkje slik at eg verkeleg har bruk for alt eg har lyst på. Men eg har jo heller ikkje lyst på alt eg har bruk for.. trur eg. Har ikkje heilt oversikt over kva eg faktisk har bruk for. Litt skremmande eigentleg, men sikkert ikkje so gale som eg vil ha det til. Har du oversikt?

7 luringar

Andrine

15.apr.2009 kl.12:30

Åhh so snilt! Du e flink til å finna gava! :-DJaa. Er det fint vér på Sandane óg? :)Eg har mest lyst på el-piano, men lommeboki e nok ikkje enig :/dei to øverste tingi ha eg :D

☆ Andrine ☆

15.apr.2009 kl.13:38

hehe stemme ;) veit du ke du vil gjera etter vgs? :)

Kamilla

15.apr.2009 kl.17:01

Eg har ikkje oversikt. Eg veit ikkje ke eg ynskje meg akkurat no. Penga so eg kan shoppe litt, e so lenge sia sist. Pluss eit privat heimestuidio. Og ei tredemølle =)

Mariell

15.apr.2009 kl.19:07

Eg ska utnytte Kamilla sitt treningsstudio, soklart. Anna enn da ynskje eg meg ein 1) hardisk, 2) gamer-datamaskin for 3)SIMS3 og age of empires. 4) Alle dvd-sesong-boksane av dei beste seriane 5) ny iPod, 6) perfekt skin (vekk med pigmentflekkar) og resten hugsa eg ikkje ;p

Amalie!

15.apr.2009 kl.21:00

LIGRETTO..Ja, det må du skaffe deg.Livet er ikkje det same utan, seriøst. (:

Kamilla

16.apr.2009 kl.22:04

Ja, eg veit om plassen din på Sognnes. Den e jo dritfin! :) Nååh, eg vil bu med deg! Men viss du ska bu ein anna plass eller med Thomas skjønna eg jo da :) Eg e i alle fall reservert für dich :D

Andrine

17.apr.2009 kl.08:28

svar: Neei ikkje i da heila teke :-S uff, eg grua meg til eg må søka! Me kan likso velga ALT!Eg ha veldig lyst å reisa og gå på skule eit år i utlandet, men spørs om da blir noke av da. Har heller ikkje plana om folkehøgskule, da blir nok siste utvalg! ;-) Ska i helgi? :)

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits