Ei brekning og eitt smil

Eg har blitrt utfordra, og dette skal eg gjere:

"- Skriv 10 ting som ingen vet om deg
- Legg ut et bilde som er et av dine beste minner, og fortell litt om det.
- Legg også ut et bilde du liker, og fortell hvorfor. 
- Legg også ut et bilde du IKKE liker, og skriv hvorfor du ikke liker det.
- Gi utfordringen videre til 5 stykker."

Eg delar opp punkta litt, og byrjar med to bilete eg har kontrasterande tankar om. Resten av punkta kjem i eit seinare innlegg.

 

Eit bilete som gjev meg brekningar.. men ikkje no lenger..

thblood

Dette biletet både provoserar, og gjer meg kvalm! Bodskapen derimot likar eg. Det at ein ikkje vil seie noko, uansett kva ein må ofre, det står det respekt av. Men det står ikkje respekt av å klippe av seg tunga for å vise at ein ikkje kjem til å seie noko. Uansett bodskap, so hatar eg denne typen bilete. Eg leitte eigentleg etter eit bilete ein eg kjenner har på MSN. Det er av ein fingertupp, som vert trengt gjennom av ein spikarspiss. Kvalmt! Kva er det som er so facinerande med sjølvskading? Og det at folk i tillegg iscenesetter det for å ta bilete av det er i og for seg sjukt! Eg vil ikkje stille nokon diagnose, men fastslå at dersom ein er facinert av sjølvskading, ja, då har ein alvorlege problem.

Då eg søkte på emo, watch me bleed, pain etc på google var det nett so vidt eg turte å sjå søkeresultata. Eg visste at dersom det kom eit bilete eg absolutt ikkje likte, so ville det setje seg på netthinna. Det var ganske mange ekle og groteske bilete som dukka opp, og sjølv om eg kunne ha funne eit verre, so orka eg rett og slett ikkje å leite meir! Det som skremmer meg, er at når eg no ser på det, so reagerar eg nesten ikkje. Einaste er at eg kjenner på kvalmen frå i stad, då eg googla, og søkte på photobucket, og flickr etter ekle bilete. Det er skremande, alt ein kan venne seg til, og følelsesmessig ta avstand frå etter å ha blitt eksponert for det mange nok gongar. Eg trøystar meg med at det er iscenesatt, og at det ikkje er ekte blod. Men det faktum at mennesket kan venne seg til det mest groteske synet i verda kan ikkje trøystast vekk. Det er nokio eg kunne ha skrive eit fleire siders langt innlegg om. Dette er ikkje anledninga for det, men kanskje ein alt anna enn vakker dag? No trur eg uansett at du har teke poenget mitt, so eg stoppar her, før eg vert heil usakleg i forhold til biletet, som i røynda slett ikkje fortenar ein plass på sida mi!

 

So til eit bilete som fekk og får meg til å smile!

3411234207d0b0e16d64

Dette biletet fann eg på flickr. Det er berre å trykkje på det, so kjem du til sida eg henta det frå. Denne typen motiv er noko av det vakraste eg veit. Det viser band som knytast, og liv som er avhengig av kvarandre. Då eg såg det måtte eg berre smile. Eg gledar meg til den dagen (om lenge), då eg får kjenne min eigen unge gripe slik om tommelen min. Tenk for ein nydeleg augeblunk det må vere! Dei er so små og søte. Tenk at mine hender faktisk har vore so små ein gong. Ei lita hand som freistar å gripe om den vetle dela av verda dei store blå augo har rukke å sjå. Og etter kvart som hendene vert større, og dei nyfikne augo får sjå meir, vert det berre endå meir å gripe om. Men me prøver iherdig uansett. Kan du begripe det?

3 luringar

Kamilla

11.apr.2009 kl.19:34

Nååh, da nederste bilde av kjempesøtt :)

Eldrid

11.apr.2009 kl.21:05

Så nydelig bilde. Det var vakkert skrive Yngvild!SV: hehe, tippe det e dei som gjekk glipp av noke, eg e ganske sikker p at kaka blei god:)

Kamilla

12.apr.2009 kl.16:12

Hahaha, tusen takk =)

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits