Speling og geiming

No har eg vore utruleg flink musikkelev, og spelt piano og sunge. Eg vil på sett og vis kalle det øving, sjølv om eg ikkje øvde på noko av det eg skulle øve på. Jaja, slikt blir ein gla´ av! Eg laga faktisk ein ny song, eller i det minste eit førsteutkast. So får me sjå om den havnar i den tjukke bunken med halvferdige songar, som i røynda ligg spreidt litt over alt, eller om den hamnar i bunken med ferdige songar for å halde dei få andre der med selskap.

Eg elskar å sitje ved pianoet og berre improvisere. Det er ein av måtane tankane mine kan flykte frå verkelegheita på. Det er so deileg og ikkje tenkje på alt eg skulle gjort, sjølv om eg burde det. Det ordnar seg jo som regel til slutt. Kanskje ein litt naiv tankegong, men pyttsann det bryr eg meg ikkje om. Dessutan tenkjer eg aldri den tanken før det faktisk har gått bra til slutt. Då eg vert vaksen, eller i alle fal stor.. hmm.. då eg vert eldre skal eg ha eit stort kvitt flygel i stova mi. Og det skal alltid vere stemt. For at det skal vere mogleg må eg nok tvinge min kjære til å bli pianostemmar, men han har sikkert ikkje noko imot det dersom eg får han til å tru at han vil det. Ei utfordring kan  vere å få råd til sjølve flygelet dersom han skal vere pianostemmar. Trur nemleg ikkje at dei tener so uhorveleg store summar i året. Då får eg bli rik i staden for, og som betaling for å spele på flygelet mitt må han stemme det. Ja, slik må det bli :)

141678a370bm06flyg235581uritmullerhvitflygel150
Ville du hatt eit slikt i stova di?

Medan eg skriv dette innlegget ser eg rett bort på seks gutar i klassen. På alle maskinene ser eg det same spelet, og alle gaular like engasjert. Takloen er ein av desse gutane, berre for å linke litt til hans nye, ikkje fullt so vulgære og useriøse blogg.. eller? Døm sjølv! Eg har ikkje lese den endå ;) Eg lurer uansett på kor lenge dei kjem til å halde fram med å spele data. Kor mange år framover dei kjem til å ta seg tid til det. Eg spelar jo litt data sjølv i ny og ne, men må ikkje spele heile tida, berre når eg kjedar meg, og ikkje har noko å blogge om. Eg ser ikkje heilt føre meg at dei kjem til å spele frå no, og heilt til dei er komne i pensjonsalderen. Det eg ser ei større sannsynlegheit for, er at dei då heller finn fram att dei gamle gode slagarane. Det er nemleg ikkje berre songane barndomsminna har festa seg til, men også spela. Dei vil kanskje setje seg ned ved dataen, og drøyme seg tilbake til ungdomstida, då dei hadde tid til slikt. Kva trur du? Vert ein nokon gong for gammal til å spele data?

dotaallstarsgame

Her ser du det diggbare spelet dei geimar! Dota FTW lizm.

"Nei, Tower tok meg!" utbryt den eine av dei i frustrasjon. Eg trur spelet har teke dei med inn i ei anna verd. Nett som når eg spelar piano. Men det er vel strengt tatt lettare å sjå føre seg ein 80-åring spele piano enn å sjå føre seg at han sit og gamear?

Piz out, Yngvild                 

10 luringar

Kamilla

11.mar.2009 kl.23:34

Haha, spela dei og dota? So flaut :p Eg ska ha piano :)

vesna

12.mar.2009 kl.07:36

Your blog is wonderful !!!I'll be coming back for more :)

vesna

12.mar.2009 kl.15:56

what a nice piano.. i have a little hard 2 understand the norway laugiguge , but i try to understand as much as i can =)

vesna

12.mar.2009 kl.16:26

hahah yeah we're even... oh thanks =) cute of u 2 say so..

Marte.S

12.mar.2009 kl.16:34

hehe, joda, men hva skal jeg finne fram nå da xD

vesna

12.mar.2009 kl.16:49

i put a google translator under my pic with a tiara.. so u can translate to "norsk" now and understand moore =)

vesna

12.mar.2009 kl.16:56

sounds good =D how is the weather in norway?

vesna

12.mar.2009 kl.17:51

i really hope the snow fadesa away s oon.. i want the sun now .. the weather is freaky here.. one hour is sun, the other hous is snow =((

Kamilla

12.mar.2009 kl.18:29

Nei, ikkje jostein, men vennane hans :p

Mari

13.mar.2009 kl.17:46

Eg ville definitivt hatt eit piano i stova! Då hadde eg kanskje lært meg å spele på det òg.Eg trur ikkje ein nokon gong blir for gamal til å spele dataspel. Pappa vart 60 i går, og han sit støtt og spelar Age of Empires.

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits