Ut på tur, aldri sur

Men redd kan eg skrive under på at eg var!

Skulle so klart heim til Hyllestad i ferien, og skulle sitje på med veninda til tanta til mamma heim ifrå førde. Dei to skulle på shopping, og eg tenkte at eg like gjerne kunne sitje på med dei heim. Tanta ville uansett bli med ut til oss, og då måtte dei jo uansett reise ifrå førde samtidig som meg. Eg handla litt i førde før me alle var klare til å køyre heimover. Men etter kvart som bilturen utarta seg angra eg litt på at eg ikkje tok bussen.

Først skulle me berre hente bagen min på skysstasjonen. Eg begyndte å ane at turen kunne bli vanskeleg å gløyme då 1. gir blei brukt heilt ifrå sentrum og langt opp i bakken etter rundkøyringa. Det hjalp heller ikkje mykje at parkeringa ved Firda billag var ulovleg, og at døra til føraren slo opp på vidt gap, 90 grader ut ifrå bilen idet me svinga ut på vegen mellom rutebilstasjonen og handelshusa. Heldigvis kom det ingen bilar imot! Eg ropte forskrekka at ho måtte late att døra. Eg fekk eit treigt "Ka so kaga deg?" te svar (kaga: bryr/feila/plaga). Eg kjende allereie etter lyskryssa at eg på denne turen skulle vere ein baksetesjåfør, men berre ein stum ein. Eg kjenner ikkje føraren noko særleg, ho er jo tanta si veninde, ikkje mi. Uansett er ho tunghøyrd, so det hadde ikkje hatt noko å seie om eg hadde sagt alle desse tinga:

 

  • Lat att døra menneskje!
  • Bør du ikkje gire snart?
  • Ein gjer ikkje lurt i å hoppe over andre giret
  • I alle fall ikkje andre og tredje på same tid!
  • Du må sakke ned i svingane
  • Har du høyrt om tresekundersregelen!?
  • Veit du kva fartsgrensa er her?!
  • Bruk girstanga! Må du nesten stoppe for andre bilar er det rimeleg lett å kvele bilen dersom du fortsatt har han i tredje eller fjerde gir..
  • Hald sida di! 
  • Dersom du har problem med å høyre på motoren kva tid du skal skifte gir: sjå på turtalmålaren!

 

Har du nokon gong angra på at du sette deg inn i bilen?

Eg lurer på ein ting: kva er det dei undersøkjer når dei skal finne ut om gamle folk er skikka til å køyre bil? 

 

Eg våga aldri å sjå på speedometeret, eller å sei noko anna enn det om døra til føraren, men eg må sei at eg blei ekstremt letta over at det var so mange bilar som køyrde forbi oss, og at ho ikkje køyrde forbi nokon.. 

Ellers hadde eg ein fin handletur i Førde. Eg rakk ikkje å handle på fleire stader enn gamle Handelshuset, men fann mange gode tilbud som eg slo til på :) Kjøpte meg sminke og anna div på NIVEA, ei rutete skjorte på JC, to t-skjorter på Blend, og kjøpte nesten ein kjempegod parfyme på The Body Shop, Cherry Blossom. Trur eg skal kjøpe den på torsdag. Då skal dei to brørne mine og eg innom i Førde før me skal i Bjørkelia. Det vet kjekt! Eg skal ta teorien, kjøpe meg ein sånn stor treningsball, og den parfymen :) Gledar meg mest til å få tatt teorien, og å stå i trekket att! Har ikkje stått på ski på eit år. Eg må innrømme at eg ikkje er særleg dyktig, men eg trøystar meg med at eg ikkje har vokse opp med bra skitrekk i nærleiken, smat lite snø. Dessutan har eg berre vore i bakken to gongar før.. eller noko slikt. Men no pain, no gain veit du ;)

 

Kva skal du i ferien? - Stå på ski? - Trene? - Shoppe? - Ta teorien? - Eller berre slappe av? 

 

Yngvild                       

15 luringar

Sunniva

24.feb.2009 kl.17:56

Ja, jeg også trener bare en gang i uken. Noe som er ganske synd, for jeg vil gjerne begynne å trene mer :-) Synd med fotballen..

Marie

24.feb.2009 kl.18:16

Svar: Takk! Tja, kameraten min som tar bilder for VG av og til har tatt det. så ja, litt proff! Hehe.

Simone

24.feb.2009 kl.18:42

sv: ja er enig med det! det skal ikke mine barn heller, men bildet var da søtt :)

Mari

24.feb.2009 kl.18:48

Sukk, eg og vil ha vinterferie.Sv: Så dei har innført opptaksprøva igjen, altså? Dei hadde nemleg den då eg byrja (i 2003, herregud så lenge sia!), men det var ikkje obligatorisk, så eg droppa å ta den.

Mari

24.feb.2009 kl.20:33

Eg har ikkje ferie før til påska, eg. Universitetet held seg for gode til å gje oss vinterferie. ;)Ja, det er jo eigentleg lurast å gå på opptaksprøva, men eg visste vel på ein måte at eg kom til å få null poeng - hadde så lite erfaring med dans og drama.Den bilturen høyrtes utruleg skummel ut, forresten. Er ekkelt å miste kontroll på den måten, og spesielt no på vinteren når det er dårleg føre frå før av. :/

Mariell

24.feb.2009 kl.20:35

Shoppe, slappe av og pakke :-) OG eg har angra ja, men trukje eg ska skrive kvi her :)

Kamilla

24.feb.2009 kl.22:02

No veit eg ikkje ke eg ska gjere på på ei stund. Prøve å spare penga til eg skal til Oslo igjen? Høhø. Ja. Eg e forelska i parfyma eg kjøpte meg i dag. For alt for mykje.. Eg er dum. Men fin. Du og!

Kamilla

25.feb.2009 kl.15:18

Takk! Hihi :) Nei, på fredag ska eg køyre til Førde. Bykøyring. Hjelp, har heilt glømt korleis bilen funka nesten. Hahaha :D Kem du ska inn med då? Ska du noke på lørdag? :)

Kamilla

25.feb.2009 kl.15:45

Stakkar!!! haha, vaskeslagordet vårt? Wohoho!! :) Ja, ve litt effektiv. Det hadde vore koseleg for meg :)

Kamilla

25.feb.2009 kl.16:13

Dt er såh sant. Dt skal jg vurdere assa. Men jeg skal øve på søndag en gang. Får prøve på d, bby :)

Regine

25.feb.2009 kl.19:50

heheh morsomt. eg hater å sitte med sånne folk, har ofte angra på at eg har sittet på med folk.. eg skal ikkje nevne navn men e jo noken eg har sittet på med ein del ganga der eg har vært så flau og brydd at ja.. hehe. i ferien har eg slappa av masse, spist god mat og kosa meg heime.. i mårra skal eg til bergen og møte venna og shoppe litt. det blir bra=)ka skal du gjøre resten av veka? :)

Marte : )

25.feb.2009 kl.23:12

Sv; hehe takk :)Vell, får å si det sånn... Mamma møtte sin kjæreste på nettby xDAlle finner kjæresten sin på nettby, men bare ett fåtall varer da... Siden mange utgir seg for å være en annen person over nett, å når partnern finner ut sannheten, er det over and out :p ;)

Marte : )

25.feb.2009 kl.23:31

Sv ; hehe ^^ Vi har bodd sammens med hans foreldre i ett halvt år nu.. er litt stress med de, men går greit :) vi flytter for åss selv til sommeren får å fortsette studier ^^Men trur nåkk dette vil vare en stund håpe æ :)

Marte : )

26.feb.2009 kl.10:41

Vell, Det går faktisk bra :) Blir litt mye sammen, så vi passer på at vi er litt fra hveradre også ved å være sammen med venner ;) Slik at man ikke er oppi hverandre hele tiden. + at man må gi litt fra seg også og ikke bare kreve å få hele tiden. Kjæresten min er veldig flink til å bare slenge klærne rundt seg hele tiden, å har mange irriterende vaner, men man må bare holde ut lissom, får han har så mange andre fantastiske egenskaper som jeg elsker :)Men ikke flytt sammen før dere føler at dere er klare :)

Eldrid

26.feb.2009 kl.17:36

Du e s herli!!E lo så godt når e las dtte innlegget, digga det Yngvild!Så mykje latter du sprer med bloggen din. Fantastisk!!!Stor goklem.Og ja, sant dei muffinsane såg gode ut...mmmm, dei var det og

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits