Heim , kjære heim!

 

Etter travle musikaldagar, var det godt å ta turen til heimlege strøk. Eg nådde ikkje den bussen som eg eigentleg ville ta, fordi eg klarte å gløyme pianonotane på skulen. Det var eigentleg like greitt. Eg pakka, stakk opp på skulen etter notane, og tok ein tur i "sentrum". Fann ein kjempegod brun og raud strikkagensargensar og ein kvit hals på Skinloen, begge på tilbod. To gode spontankjøp :) Kva var ditt siste spontankjøp?Gjekk fornøgd ut derifrå, og smilande inn døra på Daiva sin kaffibar/souvenirbutikk. Kjøpte meg ein god mocca, som eg drakk medan eg vandre rundt i den koselege butikken på leit etter morsdagsgåve. Like før eg hadde gitt opp, falt blikket mitt på eit særs passande skilt, med tanke på meg og min eldste bror, som nok er dei to som treng ei påminning om den gyldne regelen heime:

083red

Sidan eg ikkje har pleidd å kjøpe so veldig dyre mors- og farsdagsgåver, tenkte eg at eg ville unne den gode mammaen min noko ekstra: saltscrub og body lotion frå heitur pottur. Unna du mor di noko ekstra på morsdagen? Ho fekk dei før ho gjekk på badet for å stelle seg, og kom opp att og dufta friskt og godt. Me sette oss ned med tekoppar, og Radka Toneff, og lot praten gå. Pappa hadde lese at eg hadde begynt å høyre på Toneff, og sette på ei plate han hadde. Den var kjempebra :) Eg nærmar meg meir og meir pappa i musikksmaken, seier mamma. Eg trur eigentleg at alle me borna gjer det. Uansett: det var utruleg koseleg å sitje å prate med mamma og pappa. Eg var so grei at eg kneka nakkjen til mamma, som var stiv av stress. Eg skjønar godt at ho vert stressa, so mykje som ho har å gjer. Solt av at du klarer deg so godt, mams :) Det var lenge sidan sist eg var heime, sidan eg har hatt so mykje å gjere på Sandane. Det er rart med det, di lengre tid det går mellom besøka mine, di betre er det å kome heim. Det er trasig å ta slike ting for gitt, synst ikkje du og? Me tek so mange ting for gitt, sjølv om me kan miste dei kva tid som helst. Eg trur at me alle hadde blitt overraska dersom me hadde sett oss ned og tenkt over alt me tek for gitt her i livet. Eg trur me gjer det med ein god del ting, og at me ikkje hadde klart å kome på alle om me so forsøkte. Men ein ting vil eg ta for gitt, og det er at ein skal behandle menneska rundt seg med respekt, omtanke og kjærleik :)

 

lakehouse


I tillegg til skiltet kjøpte eg ein film til både mamma og pappa(han hadde fødselsdag på torsdag), "The Lakehouse". Har du sett den? Eg såg han på hurtigbåten ein gong i sommar, og tykte det var ein av dei beste romantiske filmane eg har sett. Dei vert ofte veldig like, men denne hadde noko ekstra, nemleg eit originalt plot :) Verdt å sjå!

 

 Yngvild                                                 

 

Ingen luringar

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits