Somme pissar på det, eg..

Heilt frå eg var lita har eg klatra i dei, bygd hytter i dei, og sett opp til dei. Tre facinerar meg framleis på mange vis. Som lita jente drøymde eg om å finne mi eiga bestemor piletre i skogen, og om å bu i eit tre (som ho vassjenta i ein nrk-serie. Hugsar du kva han heiter?). Dersom nokon ville hogge ned trea blei eg heller uglad, men eg var slett ikkje like fanatisk som systra mi på dette feltet. Engasjement manglar det ikkje på i familien, men me føler for å bruke det på ulike område. Eg fekk utløp for mitt ved å ta bilete av trea. Nokre av dei i alle fall.


Omtrent slik såg trehyttene mine ut..

32919289089f39246a9spaceballtreehousetreehouse

Dette biletet fann eg på Flickr. Det er berre å trykkje på det for å kome til sida det er henta frå.


0174haime 025
kopi1

Det øvste er teke med mobilen i sommar ein gong, trur eg. Skulle bort til bestemor ein tur, og såg dette flotte motivet av solnedgongen bak fjellet med treet i framgrunn då eg skulle til å opne døra. Måtte berre ta eit bilete då. Det fekk so vere at det mest sannsynleg blei heilt elendig, sidan mobilen var alt eg hadde for hand. For å betre oddsen tok eg mange, og jammen var det eit som var sånn "heilt ok". Men so fann eg eit supert redigeringsprogram. Fargane var kjempestygge, men det var jo lyset som facinerte meg. Eg likte det i alle fall 1000 gongar betre i sepia, enn i grumsegrøngulblå. Kven bryr seg vell om at det ikkje er so fantastisk skarpt? Det kan vere ein kul effekt det, at alt er uklårt. Det tykkjer i alle fall eg.

Det nederste, samt bileta under denne teksten tok eg i haust ein gong. Eg, Thomas og kameraet klatra i eit tre, og då måtte det jo resultere i nokre bilete. Slik såg altso utsikta vår ut. Vakkert, sant?


haime 023
kopihaime 024
kopi



Kva er ditt forhold til tre?


Én kommentar

Kamilla

20.mai.2009 kl.17:54

Omtrent same so ditt ;) Elska å klatre!

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits