Latskap og pratskap

Hallo alle saman!

Jepp, no skal eg byrja med det som lenge har vore i vinden: blogging. Den første her har for so vidt ikkje noko anna tema enn at det er min første blogg :) Men eg har alltid tenkt at eg skulle skrive den ein gong, men har liksom aldri hatt tida, noko eg eigentleg seier om det meste som vert nedprioritert. Eg skal innrømme det først som sist, eg er lat! Litt av grunnen til at eg skriv denne bloggen no, er at eg vil endre på dette... i alle fall litt :) Eg har og ein teori om at di fleire som veit om at eg har bestemt meg for å bli mindre lat, di pinlegare vert det når eg ikkje når måla mine. Ironien er at eg i staden for å til dømes ta meg ein joggetur, sit med ræva godt plassert i sofaen, føtene på poffen, dataen i fanget, og chipsskåla so nær at eg knapt treng å flytte handa frå tastaturet for å gæfle innpå. Men chips er godt, og skruane og ringane skal ikkje legge seg rundt magjen. Eg skal nemleg danse dei av meg på salsakurs :) Har vore på ein kurskveld allereie, og har ein att. Elles dansar eg jo fast ein gong i veka, so gjer i alle fall litt for kroppen min, i tillegg til å ikkje sove i gymtimane :) Ein anna grunn til at eg skriv denne bloggen er at e er noko distre, so om eg bestemmer meg for noko ein dag, men ikkje skriv det ned, vil det mest sannsynleg gå i gløymeboksen. No har eg ein stad der eg sjølv kan sjå kva eg har planlagt å gjere eller betre før. I tillegg kan jo andre minne meg på alle tinga eg faktisk hadde planar om å gjere dersom eg ikkje har vore innpå sjølv på ei stund :) bloggar du? i so fall: kvifor byrja du med det?

Ting eg har sett som mål:

 - å ikkje "FORSOVE" meg til fleire mattetimar! At eg vakna halv 12 på mattetentamen før jul får halde for i år! (må berre presisere at det ikkje var med vilje, og hadde grådig dårlegt samvit overfor meg sjølv etterpå :S )

 - begynde å jogge, i alle fall ein gong i månaden, til å byrje med :P Visste du foressten at jogging kan hjelpe å førebygge depresjonar og andre psykologiske lidingar? Eg kjenner mange som seier at dei likar å gå tur eller å jogge for å klarne tankane, eller kople dei litt ut. Eg pleier som regel å setje meg ved pianoet for å gjere det, men eg kan jo jogge når eg ikkje har noko anna å føreta meg :) ... Det tenkte eg i fjor, og det fungerte dårleg, so må nok setje av tid til det ;)

 - Ta lappen :) Er godt på veg, men ikkje heilt klar for teorien endå. Skal ikkje stryke, so vil lese meg godt opp først! :)

- Bli ryddigare! både i hovudet og når det gjeld å halde orden på hybelen. Greit nok, eg bur i lag med to rotekoppar, men eg kan jo ikkje skjelle dei ut når eg knapt er hakket betre sjølv! :-/


Med det rundar eg av, før det blir mas og tjas og bla bla bla. Takk for at du las min første blogg :) eventuelt las dei siste linjene ;) 

6 luringar

Kamilla

24.jan.2009 kl.22:58

Haha :) Ho berre søve. Headeren din va forresten kjempetøff ;)Du hadde mange goe mål. Håpa du klara alle då :) Eg begynte å blogge fordi da e mykje lettare enn å skrive "dagbok", og so lika eg å gå tilbake å lese ke eg ha gjort på. Dessutan e da koseleg at folk kan lese ke eg ha gjort på og syns eg. Bra begynnelse, Yngvild :) Korleis dans du dansa ein gang i veka? Eg og ska begynne å jogge :p

Kamilla

25.jan.2009 kl.00:24

Der ja, snuppa! U made it! Da hørtest kjempekjekt ut, eg og vil danse. Funk? E da kult? Kanskje du må vise meg ein dag. Kuli. Nja, eg lika ikkje triste filma. Har du sitt A walk to remember? :'(((

Regine

25.jan.2009 kl.00:35

eyh, velkommen til bloggverda Yngvild! du må få eldrid til å lage ein blogg og, hadde vært kult å følgt med på ka ho drive med om dagane:) hehe, bra liste med mål for året.. jogging ein gang i mnd.høres nesten overkommelig ut. lykke til! :)

Mariell

25.jan.2009 kl.11:07

nice blogg og header:) søta

Kamilla

26.jan.2009 kl.20:32

Hehe :) Du har s-matte sant? Ke du fekk i 1. termin? Goe karaktera? Du er pen og grei åssånt :) <3

Mariell

26.jan.2009 kl.21:14

gadd berre tysken ;p mission impossible ja, mildt sagt! :) men da ska nok gå bra med oss begge :)

Er du ein luring?

Yngvild

Yngvild

19, Hyllestad

Har som søster av ei kreativ sjel blitt kalla både smokken, akurken og smekken. Foretrekker å bli kalla Yngvild, eller noko anna smigrande. Er eit kortvokst sjarmerande vesen som likar bilete, musikk, dikt, noveller, romanar, filmar, gullkorn og mykje meir. Eg bloggar når eg sjølv føler at eg har noko å blogge om, og når eg sjølv har lyst å blogge. PS: Vennligst ikkje legg igjen kommentar dersom du verken les eller observerar noko av det som står på sida. På førehand takk.

Kategoriar

Arkiv

hits