Hei der!
Eg vert litt smigra når eg ikkje har posta noko på evigheiter, og framleis er det opp til fem som er innom på ein dag, (sjølv om eg veit at de mest sannsynleg er pappa, Eldrid (systra mi), og tre hemmelege beundrarar.) Men eg må nok skuffe dykk, og sei at det ikkje kjem meir på denne bloggen, ikkje før eg legg ut eit siste innlegg der eg linkar til den nye bloggen. Eg sit framleis i tankeboksen, og den er ikkje heilt klar endå. Men om nokre veker, har eg planlagt, skal den vere klar! Det blir nokre veker til, for eg har det litt travelt for tida. Men rundt 10. mars skal eg nok få tid.
Så kom tilbake då, og så skal du få ein heilt ny blogg å fylgje.
Takk for at du er der framleis, sjølv om eg har forsvunne litt.. både i tankeverda, og i den verkelege. Eg har nemleg vore i Paris med verdas kjekkaste kjærast
.. og det såg litt slik ut:





Snakkast ca 10. mars ;)













